NDLA er ein del av det nordiske OER-nettverket som lagar opne, fritt tilgjengelege læremiddel. OER står for Open Educational Resources og er ei internasjonal rørsle. Dei fleste læringsressursane på NDLA.no har Creative Commons-lisens av typen «del på same vilkår», det vil seie at ein deler vidare med same lisens som før. Veldig mange av bileta du finn på NDLA, har du lov til å bruke i presentasjonar og andre tekstar, så lenge du namngir opphavspersonen og deler på same vilkår. Nede på alle sider på NDLA.no kan du finne oversikt over lisensar for innhaldet. Hald musepeikaren over dei ulike lisensane for å sjå kva du har lov til å gjere. Med opne og fritt tilgjengelege læringsressursar kan elevane bruke, endre og omskape ressursen i læringsarbeidet sitt.
Er du usikker, så klikk gjerne på «Hjelp» og spør, eller klikk på "Bruk bildet" eller "Bruk tekst", der du ser det for å finne informasjonen du treng.
Kommentarer
0 kommentarer
Logg på hvis du vil legge inn en kommentar.